Velkomen på bre og fjell!

Opplev med hjelp av våre kyndige førarar i Jostedalen Breførarlag, det storslegne  landskapet i Jostedalsbreen og Jotunheimen Nasjonalpark.

Jostedalen Breførarlag har adresse i Jostedalen i vest-Noreg, nær Sognefjorden, Jostedalsbreen og Jotunheimen. Me har kort avstand til den kjende og populære Nigardsbreen som er lett tilgjengeleg og mykje nytta til brevandring.

Finn den turen og aktiviteten som passar best for deg eller fortel oss kva ynskje du har om ein spesiell tur på bre eller fjell.

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen til ei minneverdig turoppleving i verda av isblå brear og høge fjell!