Ventetid på Nigardsbreen

Me beklagar så mykje ventetida ved starten av samt den siste nedstiginga på blåisturane på Nigardsbreen i desse dagar.

Isen i fronten smeltar svært mykje og breen er diverre i kraftig tilbakegang. Det medfører at det ikkje er mogleg å lage separate opp- og nedgangar men at ein på alle turane må nytte same ruta i fronten både for dei som skal opp på isen og for dei som skal ned etter avslutta blåisvandring.

Dette medfører no i høgsesongen ein god del ventetid på travle dagar og me seier oss leie for dei problema dette medfører for deltakarane på dei guida blåisturane våre.

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon