Generelle vilkår

Bestilling

Alle turar og kurs, bortsett frå private turar, kan bestillast direkte via heimesida vår.

Bestillinga er bindande. Reservering av turar og kurs utan betaling er ikkje mogleg. Difor tilrår me å kjøpe alle billettar online (med unnatak av Blåis-familieturen).

Dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar og direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.

Førespurnad/bestilling av private turar kan gjerast anten direkte på heimesida vår eller via e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  Spørsmål om private turar vil bli svart på så fort råd er og i tilbake-meldinga vil ein vise til ein link for betaling av den bestilte turen. Reservasjonen vil bli kansellert dersom betalinga ikke skjer innan 2 dagar etter mottatt betalingslink.

Jotunheimen, kurs og private turar:
Avbestillingsfrist for ein bestilt tur/privattur er 14 dagar og for eit bre-/fjellsportkurs 21 dagar. For avbestilling innan desse fristane vil kjøparen bli belasta med ei avgift på 10% av totalt innbetalt sum. NB! Ingen refundering av innbetalt kurs-/turavgift etter utløpt frist.

Ev. endringar i bestilte turar og kurs blir akseptert inntil min. 7 dagar før turstart og inntil min. 14 dagar før kursstart.

Nigardsbreen:
Alle Blåisturane med unnatak av turar med eigen, privat førar kan bli avbestilt innan 7 dagar før turstart. For avbestilling innan desse fristane vil kjøparen bli belasta med ei avgift på 10% av totalt innbetalt sum. NB! Ingen refundering av innbetalt turavgift etter utløpt frist.
Ev. endringar i bestilte turar blir akseptert inntil min. 2 dagar før turstart.

På alle Blåisturane - utanom Blåis-familieturen - er båten inkludert i prisen. Båten går frå byrjinga av juni til byrjinga av september (tidspkt. 10:00-17:45). Prisen på turane blir den same også utanom seglingstidene for båten eller dersom båten p.g.a sikkerheitsmessige årsaker eller av tekniske problem ikkje er operativ. 

Bestilling av private grupper 16+ personar

Dersom det blir endringar i talet på personar på ein bestilt Blåistur, skal Jostedalen Breførarlag AS (BFL) bli informert om dette min. 7 dagar før turstart og for Blåis-familieturen min. 3 dagar før turstart. Betaling av private turar skal normalt gjerast på førehand av den bestilte turen. Likevel, inngåtte avtalar mellom partane om andre betalingsvilkår og fristar, kan bli gjort gjeldande. 

Aldersgrense

Minimum aldersgrense på dei guida turane våre må bli fullt og heilt respektert. Aldersgrensa for barnebillettar er maks. 12 år på Nigardsbreen og 15 år på turar med utgangspunkt Fondsbu.

Frammøte/tid

Dersom kunden ikkje møter til oppsett tid i programmet eller på angitt frammøteplass, har vedkommande ikkje rett på noka erstatning for innbetalt turavgift.

Sikkerheitsvilkår

Jostedalen Breførarlag AS gjennomfører turane sine på ein trygg og forsvarleg måte med vel kvalifiserte og røynde førarar og med det utstyret turane krev. Likevel, fjellsport - herunder og brevandring og isklatring - inneber ein viss risiko for uhell og skader.

Deltakarane må underskrive ei ansvarserklæring når turen eller kurset tek til.
Underteikna er på den måten gjort merksam på og aksepterer at turen/aktiviteten innneberer ein viss risiko.

Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt turen eller kurset blir ikkje tur-/kursavgifta refundert.

Våre førarar har rett til å utelukke eller overføre ein deltakar til ein enklare tur dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen stiller utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.

Ved tap av utlevert utstyr må deltakaren sjølv erstatte dette. Pris eks: Isøks NOK 600.- Underteikna er kjend med vilkåra for å delta på denne turen/aktiviteten, deltek på eige ansvar og fråskriv seg alle krav om erstatning retta mot Jostedalen Breførarlag AS og/eller mot føraren eller instruktøren på den aktuelle turen/aktiviteten i tilfelle uhell eller skader (person eller materielle skader). 

Kansellering/avlysing av turar og kurs

BFL reserverer seg retten til å avlyse turar og kurs grunna vanskelege snø-, is- og verforhold og/eller for få påmelde. Heile den innbetalte summen vil då bli refundert.
Ved kurs vil deltakaren motta melding om ev. avlysing seinast 7 dagar før kursstart.  

Endringar

Så langt som mogeleg vil BFL etterstreve å gjennomføre dei spesifikke, bestilte turane og kursa i samsvar med oppsett program. Likevel, dersom det blir tvingande naudsynt reserverer BFL seg likevel retten til å gjere endringar i tur-/kursprogrammet. Slike endringar vil ikkje ha konsekvensar for den avtalte prisen. 

Deltakarens ansvar

Deltakaren må sjølv vurdere om han/ho fyller dei krava som tur-/kursprogrammet stiller. Deltakaren pliktar vidare å ha med seg det utstyret som er nemnt i det tilsende programmet og å rette seg etter tilvisingar gjeve av føraren/instruktøren. Om dette ikkje skjer kan deltakaren utelukkast frå arrangementet utan at det kan krevjast kompensasjon. Å delta på turane og kursa våre skjer på eige ansvar. Det vil seie at BFL ikkje står ansvarleg for skader/uhell som måtte oppstå for deltakaren i tilknyting til arrangementa våre. 

Force Majeure

Ved hendingar utanfor BFL sitt herredømme som t.d. brann, naturkatastrofe o.l. har BFL rett til å heve avtalen utan erstatningsplikt.

Jostedalen Breførarlag AS tilrår å teikne ei reiseforsikring som dekkar kostnadene dersom du må avlyse turen/kurset på grunn av skade/sjukdom.

 

pdf Generelle vilkår
Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon