Josten på langs

Ein skitur som kan by på store og mektige kontrastar og variasjonar.

På ein og same tur tur kan du møte varmande vår og full vinter, sludd på tvers og steikande sol, grauttåke med 10 meter sikt og flott utsikt til kvasse tindar og vide vidder.

Me går frå Fåbergstølen nord i Jostedalen til Flatbrehytta i Fjærland. Undervegs gjer me avstikkarar til flotte utsynspunkt som Lodalskåpa (2083), Brenibba (2018), Kjenndalskruna (1830), Høgste Breakulen (1957) og Supphellenipa (1731).

Dette er ein tung tur i bratt vestlandsterreng med sekk på 15-20 kg.

KJØP BILLETTAR TIL JOSTEN PÅ LANGS

Dato:

1. Tur: 28-30.04
2. Tur: 10-12.05
3. Tur: 19-21.05

Varigheit:

3 dagar

Alder:

Min. 15 år

Krav: 

God kondisjon og skierfaring frå høgfjellet

Pris:

NOK 2100.- inkl. overnatting på Bretun
Transport (Fjærland–Jostedalen): NOK 570.-/pers.

Bestilling:

Berre online booking

Program:

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon