Alpinkurs på Jostedalsbreen og i Jotunheimen

Kurset gjev ei grunnleggande innføring i is- og fjellklatring. Passar for den som har gjennomført brekurs eller har tilsvarande erfaring frå brevandring.

Dei to fyrste dagane blir det øvt på ulike sikringsteknikkar og redningsmetodar på bre samt isklatring og vandring i blåisen. Deretter går/klatrar ein opp heile Nigardsbreen til Steinmannen; ein lang dag i eit variert og mektig brelandskap.img_0409Kursveka held fram med klatring i øvingsfelt og fjell i Jostedalen med vekt på klatre- og sikringsteknikkar og taulagsrutinar. Avslutningsturen går til til Søre Dyrhaugstind (2072) og retur til Turtagrø langs Dyrhaugsryggen, ein fin, klassisk klatretur og travers i Hurrungane-massivet.

Dato: 08.07 - 14.07 
Varigheit: 6 dagar
Aldersgrense: Min. 17 år
Krav: God form og brekurs
Tal pers: Maks. 3 pers.
Pris: Kr. 6150.- inkl. overnatting
Som privatkurs: 3 pers. kr. 6775.-
Bestilling: Online
Kursprogram:

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon