NF-kvalifiserande kurs

Jostedalen Breførarlag er godkjend arrangør av kvalifiserande kurs på nivå I og II i samsvar med Norsk Fjellsportforum (NF) sin Nasjonale Standard for kursarrangørar, instruktørar og førarar. Gjennom kompetansegjevande kurs og praksisordningar kan ein bli NF-godkjend bre-/klatreinstruktør og fjellkursleiar, det høgste kompetansenivået i NF. 

nf-2

NF-Metodekurs bre (I)

Eit 5 dagars kurs for dei som ynskjer å utdanne seg til assisterande breførar eller NF-godkjend breinstruktør.

Etter stått kurs og godkjend praksisperiode blir kandidaten godkjent som assisterande breførar. For å bli vidare godkjent som NF-breinstruktør og breførar må ein og ha gjennomført og stått.

Kurset blir arrangert i samarbeid med selskapet Breoppleving (www.bre.no)

NF-Vegleiarkurs bre (II)

Kurset oppfyller krava i NFs nasjonale standard for kvalifiserande kurs og legg vekt på dei teknikkar og metodar som krevst for god og trygg føring og seinare vegleiing på blåis og snødekt bre.

NF-Redning- og metodeseminar bre.

Seminaret er obligatorisk for instruktørar som skal kvalifisere seg til nivå II bre men skal og gje fagleg oppdatering og vedlikehald av kompetanse gjennom erfarings-utveksling med andre instruktørar og miljø.

Deltakarane skal på seminaret vise evne til vidaregåande kameratredning og elles solid eigenferdigheit på bre.

Seminaret skal og gje ei innføring i den alpine fjellredningstenesta på bre med deira utstyr og metodar.

Det blir i tillegg diskutert m.a. føraren/instruktøren si rolle ved ulukker. Rednings- og metodeseminar bre blir heldt i samarbeid med DNT-Fjellsport.

Varigheit:

Metodekurs bre 

Rednings- og metodeseminar bre

5 dagar 

3 dagar

Krav (metodekurs):

Opptak etter skriftleg søknad. Søknadsfrist 1. mai 2018.

Info opptakskrav:

Dato:

                       

www.fjellsportforum.no 

Metodekurs bre

Redning-/metodeseminar bre

 

24.06-29.06

Juni/juli 2019

Pris:

Metodekurs

Redning-/metodeseminar bre

Kr. 5075.-

-------------

Søknadsskjema:

 

Loggbok:

 

Nasjonal standard:

word-logo  

Info Metodekurs:

pdf  

Info Metodeseminar:

pdf  

 


 

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon