Breføring på Nigardsbreen: Familie Blåistur

Ein lett og triveleg bretur på Nigardsbreen i Jostedalen og som passar for familiar med born i alderen 6 år og eldre eller for deg som ynskjer ein kort, enkel og roleg tur.

Oppe ved venstre brekanten (følg merkinga med infoskilt og oransje kjegler) møter du førarane og får utdelt enkelt breutstyr (stegjarn - isbroddar til dei minste ungane - og tau).

Fyrste delen over Nigardsvatnet kan du få skyss med ein motorbåt (ikkje inkl. i prisen). Info om båten. Tidsbruken for båttransporten samt anmarsjen opp til brekanten er ca. 1 time. 

Informasjon om klede/utstyr

Inngangsbillett for utstillingane på Breheimsenteret er ikkje inkludert i prisen men kan kjøpast rimeleg som ei samla pakke inkl. breturen.

 KJØP BILLETTAR TIL FAMILIE BLÅISTUR

  

Dato: 01.07 - 25.08
Tidspunkt: 11:30, 12:30, 14:00 og 15:00
Varigheit: Omlag 1 time på isen.
Aldersgrense: Min. 6 år
Krav: Sko/støvlar med låge hælar, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Det er ikkje høve til å ta med ungar i beremeis eller hund i band.
Pris: Vaksne kr. 300.-
Born     kr. 150.-
Billettar: Online-booking, eller på Breheimsenteret min. 1,5 time før turstart eller direkte hjå føraren ved turstart (berre kontant betaling).
Frammøte: Ved venstre brekanten (to små leskur), min. 30 min. før turen startar. 
NB! Ein bruker ca. 1 time frå parkeringsplassen inkl. båt og anmarsj opp til venstre brekanten.

NB! Blåis familieturen kan ikkje tingast som privattur. Grupper bør reservere plass på førehand.

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon