- Går høgare opp på Nigardsbreen!
- 12+, som privattur 10+
- Ca. 5,5 timar. På isen ca. 2,5 timar
- Breføring
Opplev blåisen på Nigardsbreen på ei vandring mellom djupe bresprekkar og høge istårn, ei oppleving for livet!
FAKTA INFO
Opplev blåisen på Nigardsbreen i ei lita gruppe på maks. 6 pers. og før dei andre turistane besøker breen. Me tek dagens fyrste båt over Nigardsbrevatnet og opplever i ei unik brenatur kor fint det er å vere ein tidleg ‘morgonfugl’ på tur i blåisen.
I ei lita gruppe vil du få god kontakt med breføraren. Han svarar gjerne på spørsmål om breen eller om lokalhistorie knytta til bygda Jostedalen og Jostedalsbreen. Før turen startar vil ein få ei grundig innføring i bruken av tau, isøks og stegjarn.
Brevandreutstyr, båttransporten lunsjpakke. Informer oss dersom du er vegetarianar.
Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og solide fjellsko (f. eks. vandrestøvlar). Kleda må dekke heile kroppen (ingen shorts eller skjørt). Hanskar kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar for barn.
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen (frammøtetid mellom kl. 09:45 og 12:00 er mogleg) samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
For gjeldande vermelding klikk her.