- Tur for morgonfuglar
- 12+, som privattur 10+
- Ca. 5 timar. På isen ca. 2,5 timar
- Breføring
Opplev blåisen på Nigardsbreen i ei lita gruppe på maks. 6 pers. og det før alle dei andre om morgonen.
FAKTA INFO
Ei vandring mellom djupe bresprekkar og høge istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest interessante og spennande områda av bretunga på Nigardsbreen.
Det er ikkje ein hard eller kondisjonskrevjande tur sjølv om ein går noko lenger opp i brefallet enn på den korte blåisturen. Ein har undervegs godt utsyn til dei øvre og snødekte delane av Nigardsbreen og Jostedalsbreen.
Brevandreutstyr og båttransporten.
Sekk, varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og solide fjellsko (f. eks. vandrestøvlar). Kleda må dekke heile kroppen (ingen shorts eller skjørt). Hanskar kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar for barn.
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen (frammøtetid mellom kl. 09:45 og 12:00 er mogleg) samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen
For gjeldande vermelding klikk her.