bretur med klatring

Breføring på Nigardsbreen: Spesial Blåistur

Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på ein lang tur på NIGARDSBREEN med toptauklatring i blåisen. 

I små grupper på maks. 6 personar får du prøve meir krevjande blåisvandring og klatring med 2 øksar i ein isvegg på topptau.
Bli med på ei spennande utforsking av fargar, sprekkar og istårn på Nigardsbreen utanfor dei mest brukte turistrutene.

Inngangsbillett til utstillingane på Breheimsenteret inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper).


play button 40  Video Spesial Blåistur

KJØP BILLETTAR!   

 Turinfo

calendar 4010.07 - 25.08 kl. 10:00

departure 40Avgang 10:30


PLACE 40Nigardsbreen parkeringsplass ved service bygget med skilt GUIDE.


klokke 40Totalt 5,5 - 6 timar og på isen ca. 4 timar.

TIME 40Totaltid:
Båttransport: 15 min. x 2 ev. litt ventetid
Gange til og frå breen: 30-45 min. x 2
Påkleding og kort instruksjon: Ca. 30 min.


brevandring middel 40 Ruta på isen er delvis bratt og kan vere eksponert på enkelte plassar. 


ATTENTION 40 icon Aldersgrense: 12 år.


utstyr 40Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko, ev. hanskar, matpakke, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke. Fleire tips om utstyr


persons 40Min. 2 og maks. 6 pers. per førar.


money 40 kr. 950.-  inkl. båttransport, utstilling og breutstyr.


ticket 40Online-booking  eller dersom det fortsatt er ledige plassar; på Breheimsenteret (kort eller kontant) min 1 time før turstart eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.


 BESTILLING SOM PRIVATTUR:

money 401-3     pers. kr. 3900.- totalt.
4-6     pers. kr. 1055.-/pers.


TIME 40Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-11:30 er transporten med brebåten t/r inkludert når båten er i drift, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til park. plassen. Den turen tek ca. 1,5 timar.


ticket 40Alle private turar må bestillast og betalast på førehand.
Førespurnad/bestilling til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 

TOP 40