Breføring på Nigardsbreen: SPESIALTUR for born

Kort blåistur for familiar med spreke born.


Har du spreke, naturglade ungar i familien og tenkjer at den vanlege blåis-familieturen på Nigardsbreen er litt for kort og for lite utfordrande?

Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BORN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Denne blåisturen er meir krevjande enn den ordinære familieturen og bør berre bestillast av foreldre med spreke ungar som har tidlegare turerfaring og som elskar å vere ute på tur i naturen.

Inngangsbillett for utstillingane på Breheimsenteret er ikkje inkludert i prisen 

 

KJØP BILLETTAR 

 

Dato og tidspunkt:

17.07 - 25.08 måndag - fredag.

Møtetid 10:30 ved skilt GUIDE på Nigardsbreen parkeringsplassen
Avgang 11:00

Varigheit:

På isen ca. 1,5 timar. Totalt 3,5 - 4 timar.

Total tid beregnes følgjende:
Båttransport: 15 min. X 2 pluss litt ventetid.
Gåing til og fra breen 30-45 min. X 2
Påkledning / opplæring og instruksjon ca. 30 min

Krav:

Born berre ifølgje med foreldre.
Aldersgrense born min. 8 år og maks 15 år.

Utstyr:

Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Vandre-/fjellsko eller solide joggesko, hanskar (for borna), matpakke, solbriller, vind- og vasstette klede og gjerne ein varm genser/jakke. Meir Informasjon

Tal personar:

Min. 2 og maks. 12 pers. per førar.

Prisar:

1 vaksen og 1 barn: NOK 1070.- 
2 vaksne og 1 barn: NOK 1605.-
1 vaksen og 2 born: NOK 1525.-
2 vaksne og 2 born: NOK 2035.-
1 vaksen og 3 born: NOK 2000.-
2 vaksne og 3 born: NOK 2500.-

Billettar:

Online-booking  eller dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar også på Breheimsenteret (kontant eller kredittkort) eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling

Bestilling av grupper for 11+ personar er berre mogleg som privattur.

Som privattur

Aldersgrense:

8 år.

Prisar:

1-3     pers. kr. 2775.- totalt.
4-8     pers. kr.   775.-/pers.
9-12   pers. kr.   675.-/pers.

Tidspunkt:

Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-13:00 er transporten med brebåten t/r inkludert når båten er i drift, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til park. plassen. Denne turen tek ca. 1 time.

Bestilling:

Alle private turar må bestillast og betalast på førehand.
Førespurnad til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon