Om oss

logo bfl transpJostedalen Breførarlag vart etablert i 1987 av Steinar Bruheim, Heidi Zimmermann, Thore Stensberg og  Arve Tvedt.
Breførarlaget tilbyr føring og instruksjon på bre og alpine klatrefjell, hovudsakleg på Jostedalsbreen (Nigardsbreen) og i Jotunheimen. 

 

Dei siste åra har det delteke omlag 12 000 personar per år på dei ulike turane og kursa våre. I hovudsesongen juli og august er omlag 25 førarar i aktivitet med føring og kurs.

Me har og tilsett fleire fjellførarar/tindevegleiarar frå Nepal. Tshering Pande Bhote, Jyamchang Bhote, Mingma Tsiri Sherpa, Pasang Tenzing Sherpa og Densa Bhote. Dei organiserer og tilbyr haust og vår i Himalaya trekkingturar (vandreturar) og klatre-ekspedisjonar til Mt. Everest og andre 8000 meter toppar som Manaslu og Cho Oyo. Alle våre napalske førarar har nådd toppen av Everest fleire gonger, Mingma med desidert flest med heile 19 gonger.

Kompetanse

IVBV logo

Innehavarane av Jostedalen Breførarlag, Steinar Bruheim, Arve Tvedt, Thore Stensberg og Heidi Zimmermann, og medarbeidarane Tshering Pande Bhote, Jyamchang Bhote, Mingma Tsiri Sherpa og Pasang Tenzing Sherpa er alle internasjonalt godkjende fjellførarar / tindevegleiarar og medlemar av det Internasjonale Fjellførarforbundet, som er ein garanti for kvalitet og tryggleik pga. høge krav til utdanning og kompetanse innan fjellsport. Utdanninga er fleirårig og føregår i Noreg gjennom Norske Tindevegledere (NORTIND).

 

Norsk Fjellsportforum logo

Breførarlaget er godkjend som kursarrangør i NORSK FJELLSPORTFORUM (NF) og utdannar og godkjenner breinstruktørar. NF er eit viktig, nasjonalt samarbeidsforum med føremål å heve kvalitet og tryggleik på turar og kurs ved å styrke kompetansen til førarar, instruktørar og kursarrangørar. Jostedalen Breførarlag har godkjenning som kursarrangør på det høgste nivået (II) i NF. Meir info

Jostedalen Breførarlag bruker NF-godkjende og internasjonalt godkjende bre- og fjellførarar (IFMGA/IVBV) og instruktørar med stor lokalkjennskap og lang og allsidig røynsle frå friluftsliv til alle årstider.

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon