Overnatting i Jostedalen

Kursstaden Bretun

Breførarlaget sitt kurslokale Bretun ligg i Krundalen, ein markert sidedal til Jostedalen. Det er 2,5 km til bygdesentrumet Gjerde med butikk og bensinstasjon, kafe, hotell og campingplass. Det er og kort avstand til breane og fjella i Jostedalen.

bretun

Bretun har overnattingskapasitet til omlag 25 personar, dusjar/wc, tørkerom og vaskemaskin, matsal med kjøken (sjølvhushaldning), oppvaskmaskin og ei romsleg og koseleg peisestove.

Bretun blir og leigt ut til skular og grupper med eige aktivitets-opplegg.

Ta gjerne kontakt for prisar og fleire opplysningar.

Hotell og campingplassar i Jostedalen

Jostedal Hotell - 6 km frå Nigardsbreen

Jostedal Camping - 6 km frå Nigardsbreen

Nigardsbreen Camping - 3 km frå Nigardsbreen

Nigardsbreen Gjesteheim - 4 km frå Nigardsbreen

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon