Eigenførar
Ordninga med privat føring på bre og fjell gjev deg nye og fleire mulegheiter. Turen kan tilpassast gruppa di sine ynskje og behov.
Eigenføring kan og tilpassast aldersgrenser og dato på dei ‘vanlege, opne’ turane. Me har stegjarn og isøksar til sjølv dei aller minste.
Mange av tilboda på Nigardsbreen er også eigna for familiar med born fra 8 år. Informasjon og prisar for private turar på Nigardsbreen er tilgjengelig under kvar tur. Ver venleg og bruk menyen ‘Nigardsbreen på heimesida vår.
Skreddarsydde turar for lag og bedrifter
Leitar du etter ei uforgløymeleg oppleving som sveisar saman eit lag og ei gruppe?
Eller er du ute etter idear til ei spesiell utflukt for bedrifta eller kameratgjengen din? Me tilbyr skreddarsydde turar og kurs av høg kvalitet. Me kan planlegge einkvar ‘event’, individuelt tilpassa til dine behov og ynskje. Med mykje erfaring og lokalkunnskap, ynskjer me å gjere ditt arrangement til ei minneverdig og spennande oppleving!
Kva me kan tilby:
- Toppturar, ein- og fleirdagarsturar
- Breføring (Nigardsbreen, Jostedalsbreen og Jotunheimen)
- Bre- og klatreinstruksjon, ein og fleire dagar
- Isklatring og rappellering
- Klatrekurs over 3 eller fleire dagar
- Fjellklatring m/fleire taulengder (f. eks. i Hurrungane)
- Jostedalsbreen, f. eks. ‘Josten på langs’ eller Jostedalsbreen på kryss og tvers
FLEIRE TURFORSLAG
Fjellklatring i Hurrungane:
- Storen
- Skagastølsryggen
- Dyrhaugsryggen
- Gjertvasstind
- Midtmaradals-traversen
- Austabotntind-traversen
- Soleibotntind-traversen
- .. og fleire andre turar
Toppturar frå Fondsbu:
- Sagitraversen
- Torfinnstind-traversen
- Klatring på Stølsnostind
- Mjølkedalstind
- Div. toppturar i Svartdalen
Breføring:
- Tuftebreen
- Fåbergstølsbreen
- Nigardsbreen
- Austerdalsbreen
- Dagsturar Jostedalsbreen
- Josten på kryss og tvers
- Vivakulen