-
I tidsrommet ca. 25.06 – 01.09 kan du reise frå Sogndal med Jostedals Brebussen. Bussen korresponderer med dei faste breturane på Nigardsbreen bortsett frå Deluxe Blåistur og X-tra Kort Blåistur.
Start frå Sogndal kl. 8:35 og kjem til Nigardsbreen park. plass kl. 10:05 and 11:35.
Retur frå Nigardsbreen park. plass kl. 16:55 og tilbake til Sogndal kl. 18:35.
For å kome til Sogndal eller andre reisemål, ver venleg å bruk denne lenkja
Før og etter ruta til JostedalsBrebussen er det vanskeleg å kome seg frå Sogndal til Nigardsbreen og tilbake same dagen med offentleg transport. Me tilrår å leige ein bil i f.eks. Sogndal.
Dersom du treng taxi, ta kontakt med: post@taxiserviceluster.no og tlf: +47 576 81 620.
-
Regn er vanleg i regionen vår, Vestlandet. Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder på kort tid eller på grunn av vanskelege isforhold i fronten (innsteget) på Nigardsbreen.
For gjeldande værmelding klikk her.
Dersom me avlyser ein tur, vil du automatisk få tilbakebetalt heile turavgifta innan 3-5 dagar . NB! Billettar kjøpt online kan ikkje bli refundert hos guiden.
-
Me er eit fjellføringsselskap som tilbyr turar med førar på bre og fjell. Me har ikkje mulegheit å tilby transport eller ev. andre reisetenester. Dersom du treng hjelp med dette, ta kontakt med eit lokalt turistkontor
-
På park. plassen ved Nigardsbrevatnet ved utstyrslageret som vist på biletet:
-
Me skaffar tau, stegjarn, sitjesele og isøks (samt hjelm til ungane).
-
Bruk denne lenkja for meir informasjon.
-
Du kan låne turstøvlar i str. 36-48 på alle blåisturane. Me har diverre ikkje ‘barnesko’ til utlån.
Me har ikkje utlån av regn-/vindklede eller annan type turklede. På Breheimsenteret kan ein kjøpe regnjakke og ei varm fleecejakke eller dunjakke.
-
For alle breturane bør du ta med litt mat og drikke i sekken.
Det er og mogleg å kjøpe ein komplett lunsjpakke på Breheimsenteret.
-
Beklagar, men reservering/bestilling av turar utan betaling er ikkje mogleg.
-
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek eit ekstra gebyr for bookingtenestene sine basert på ein viss prosentdel (6%) av det totale beløpet for turen (gjesteavgift).
-
Beklagar, men det er ikkje mogleg. Ver venleg å lese våre generelle vilkår. Dersom kunden ikkje møter fram til rett tid for turen på frammøtestaden, har vedkomande ikkje rett til nokon kompensasjon av turavgifta.
-
Les våre generelle vilkår. Etter avbestillingsfristen har ikkje kunden rett til nokon økonomisk kompensasjon. Me tilrår difor å teikne ei reiseforsikring som dekkar slike tilfelle!
-
I høgsesongen i juli og august, tilrår me å bestille turen online min. 2-3 dagar i førevegen for alle blåisturane på Nigardsbreen.
‘Spesial Blåisturen’ og ‘Spesial Blåistur for barn’ samt ‘Deluxe Blåisturen’ er svært populære. Me tilrår å bestille desse turane så tidleg som mogleg.
-
Me tilrår å bestille ein privat bretur så tidleg som mogleg. Privatturar er mykje etterspurde. Me kan ikkje garantere at me har ein ledig førar om du bestiller turen berre nokre få dagar i førevegen.
-
Det er ikkje offentleg busstransport frå Skjolden til Nigardsbreen. Du treng å leige ein taxi Skjolden – Nigardsbreen t/r.
For å bestille taxi, ta kontakt med: jobukve@online.no eller tlf: +47 948 70 244.