Skip to primary navigation Skip to content Skip to footer

Josten på langs

Skiklassikaren på Jostedalsbreen

FAKTA INFO

Vaksen

15+

kr 4,350.00

Pris per pers: Privat gruppe (4-10 personar)

15+

kr 5,770.00

Pris per pers: Privat gruppe (10+ personar)

15+

kr 5,150.00

Ein skitur som kan by på store og mektige kontrastar og variasjonar

På ein og same tur tur kan du møte varmande vår og full vinter, sludd på tvers og steikande sol, grauttåke med 10 meter sikt og flott utsikt til kvasse tindar og vide vidder.

Me går frå Bjønnstegane nord i Jostedalen til Flatbrehytta i Fjærland. Undervegs gjer me avstikkarar til flotte utsynspunkt som Brenibba (2018), Kjenndalskruna (1830), Høgste Breakulen (1957) og ev. Supphellenipa (1731).

Oppstiginga den fyrste dagen tek omlag 10 timar og er bratt. Etappane dei påfølgjande dagane går i lettare og flatare terreng. Siste dagen er det nedkøyring til Flatbrehytta og deretter til fots bratt ned til Fjærland ved Sognefjorden. Varigheit ca. 10 timar per dag (siste dagen 6-7 timar).