Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Alpinkurs

FAKTA INFO

Privat kurs per pers. (min. 3 personar)

Alder: 17+

kr 8,990.00

Grunnleggande innføring i is- og fjellklatring

Kurset gjev ei grunnleggande innføring i is- og fjellklatring. Passar for deg som har gjennomført brekurs eller har tilsvarande erfaring frå brevandring.

Deltakarane må vere kjende med rett bruk av stegjarn, isøks og tau og treng å ha erfaring med kameratredning frå bresprekk. Det er ikkje krav om tidlegare fjellklatreerfaring.

Jostedalen er ein godt eigna stad for å lære is- og fjellklatring. Her finn du bra klatreterreng og flotte brefall.

Det alpine fjellområdet Hurrungane i Vest-Jotunheimen er innanfor kort rekkevidde.

Kurset innheld:

  • Fjell- og isklatring
  • Taulagsrutinar på is og fjell
  • Sikrings- og redningsteknikkar
  • Rapellering
  • Bruk av førarverk
  • Risikoanalyse
  • Alpine farar
  • Planlegging av alpine turar over fleire taulengder