FAKTA INFO
Ope kurs per pers (min. 3 personar, 5 dagar)
Alder: 16+
kr 7,485.00
Privat gruppe per pers (3 personar, 5 dagar)
Alder: 16+
kr 8325.00
Privat gruppe per pers (4-5 personar, 5 dagar)
Alder: 16+
kr 7,795.00
Lær korleis du meistrar brevandring og utvid turområda dine
Brekurs passar for deg som ynskjer å tileigne seg kunnskap og opparbeide ferdigheiter for å kunne ferdast trygt i taulag utan førar på blåis, snødekt bre og i brattare brefall.
Ein lærer bruken av stegjarn, isøks, tau og andre sikringsmiddel på is og snø. I tillegg til fleire fine turar i ulike breområde øver ein på ulike metodar for redning frå bresprekk, ein får innføring i isklatring og ein lærer å gjere gode vegval på is og snø.
Privat brekurs
For bestilling ver venleg å ta kontakt på e-post og ikkje på telefon. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen
-
Kurslokal Bretun
-
Inkludert
Overnatting, breutsztyr og båttransporten over Nigardsbreevatn.
Ikkje inkludert
Mat og drikke og transporten til breen.
-
Kursstaden Bretun
Breførarlaget sitt kurslokale Bretun ligg i Krundalen, ein markert sidedal til Jostedalen. Det er 2,5 km til bygdesentrumet Gjerde med butikk og bensinstasjon, kafe, hotell og campingplass. Det er og kort avstand til breane og fjella i Jostedalen.
Bretun har overnattingskapasitet til omlag 25 personar, dusjar/wc, tørkerom og vaskemaskin, matsal med kjøken (sjølvhushaldning), oppvaskmaskin og ei romsleg og koseleg peisestove.
Det finnes ikkje sengetøy i Bretun, så ta med sovepose. Rom med 4-8 køyesenger.
-
For å delta på dette kurset treng du å vere i god fysisk form.
-
Informasjon om busstransport
-
Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt kurset blir ikkje kursavgifta refundert.
Våre førarar har rett til å utelukke/bortvise ein deltakar frå bestilt kurs, dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som kurset stiller og det utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.