FAKTA INFO
Vaksen
Alder 18+
kr 4,725.00
NF-Instruktørseminar bre blir eit litt anna type seminar då det blir ein del fokus på den nye brestigen i Nasjonal Standard og erfaringar frå korleis det har gått det første året den har vore i bruk.
Det blir ein blanding av innandørs og utandørs seminar, men me kjem til å følge malen for eit NF-instruktørseminar uansett.
Instruktørseminaret vil vere mest relevant for dei som er breinstruktør 1 og breinstruktør 2. Men, andre som er fjellkursledar og elles instruktørar på nivå 1 i andre disiplinar kan også bli med.
Som på andre instruktørseminar vil hovudfokuset vere knytta til det pedagogiske og korleis me lærer vekk kunnskap på kvalifiserande kurs.
-
Instruktørseminaret vil vere mest relevant for dei som er breinstruktør 1 og breinstruktør 2. Men, andre som er godkjent fjellkursledar, og elles andre på nivå 1 i andre disiplinar kan delta.
Info om instruktørutdannelse: fjellsportforum.no
-
Påmelding på e-post: post@bfl.no
-
Kurslokalet Bretun
-
Inkludert
Overnatting.
Ikkje inkludert
Mat, drikke og interntransporten.
-
Kurslokalet Bretun
Breførarlaget sitt kurslokale Bretun ligg i Krundalen, ein markert sidedal til Jostedalen. Det er 2,5 km til bygdesentrumet Gjerde med butikk og bensinstasjon, kafe, hotell og campingplass. Det er og kort avstand til breane og fjella i Jostedalen.
Bretun har overnattingskapasitet til omlag 25 personar, dusjar/wc, tørkerom og vaskemaskin, matsal med kjøken (sjølvhushaldning), oppvaskmaskin og ei romsleg og koseleg peisestove.
Det er ikkje sengetøy i Bretun, så ta med sovepose. Rom med 4-8 køyesenger.
-
Informasjon om busstransport: