FAKTA INFO
Pris
18+
kr 4,965.00
Metodeseminaret er obligatorisk for godkjende NF-breinstruktørar som ynskjer å kvalifisere seg til nivå 2 bre.
I tillegg gjev kurset ein fagleg oppdatering/vedlikehald av kompetanse gjennom erfaringsutveksling med andre instruktørar og fagmiljø.
Deltakarane skal på seminaret vise god evne til vidaregåande kameratredning og elles solid generell eigenferdigheit på bre.
På seminaret blir det og informert om den alpine fjellredningstenesta på bre med deira utstyr og metodar.
Det blir i tillegg diskusjonar om føraren/instruktøren si rolle ved ulukker m.m. Rednings- og metodeseminar bre blir gjennomført på Nigardsbreen i Jostedalen.
Kurset/seminaret passar for deg som er godkjend som NF-Breførar eller deg som er godkjend NF-breinstruktør på nivå 1 og som ynskjer å bli godkjend på nivå 2.
-
Du må vere NF-godkjend breinstruktør (I) eller godkjend NF-Breførar. Du kan og delta på metodeseminaret om du har tidlegare vore NF-godkjend breinstruktør/brekursledar og godkjenninga di har gått ut.
For å kunne bli resertifisert som NF-breinstruktør kan ein delta på eit NF-Metodeseminar bre. Sjå NF-standarden her: www.fjellsportforum.no -
For bestilling, ver venleg å ta kontakt på post@bfl.no og ikkje på telefon.
-
Kurslokal Bretun
-
Inkludert
Overnatting og båttransporten over Nigardsbreevatn.
Ikkje inkludert
Mat og drikke og transporten til breen.
-
Kursstaden Bretun
Breførarlaget sitt kurslokale Bretun ligg i Krundalen, ein markert sidedal til Jostedalen. Det er 2,5 km til bygdesentrumet Gjerde med butikk og bensinstasjon, kafe, hotell og campingplass. Det er og kort avstand til breane og fjella i Jostedalen.
Bretun har overnattingskapasitet til omlag 25 personar, dusjar/wc, tørkerom og vaskemaskin, matsal med kjøken (sjølvhushaldning), oppvaskmaskin og ei romsleg og koseleg peisestove.
Det finnes ikkje sengetøy i Bretun, så ta med sovepose. Rom med 4-8 køyesenger.
-
Informasjon om busstransport