FAKTA INFO
Pris
Min. alder 12
kr 835.00
Totalpris: Privat gruppe (2-3 personar)
Min. alder 8
kr 4,650.00
Pris per pers: Privat gruppe (4+ personar)
Min. alder 8
kr 1,145.00
Opplev på ein kortare tur korleis ein blåisvandring verkeleg er
Ein kort men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap.
Delar av ruta på sjølve isen samt delar av anmarsjen til Nigardsbreen er ganske bratt. Ruta er gjort lettare ved hjelp av faste tau på svaberga og trinn i isen.
Turen passar for alle som ynskjer ein kortare tur og oppleve kva brevandring på blåis eigentleg er.
Dette er same type blåistur som ‘Spesialtur for born’, bortsett frå at aldersgrensa er 12 år.
Private turar
Ver venleg å ta kontakt på e-post og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen, frammøtetid mellom kl. 09:45 og 12:30 er mogleg, samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig for den reserverte turen.
-
Totalpris: Privat gruppe 2-3 personar – kr. 4650.-
Pris per pers: Privat gruppe 4+ personar – kr. 1,145.-
-
- Tilpassing av utstyr: ca. 15-30 min, ikkje lagt inn i totaltida
- Båttransport: 15 min. x 2 + ev. litt ventetid
- Gange til og frå breen: ca. 1 time x 2
- Påkleding og kort instruksjon: ca. 15 min.
- Tid på isen: ca. 1,5 timar
-
Inkludert
Breføring, brevandreutstyr og båttransport.
Ikkje inkludert
Mat og drikke.
Matpakke kan kjøpast på Breheimsenteret sin kafeteria -
Matpakke kan kjøpast på Breheimsenteret sin kafeteria.
Viktig! Lunsjpakka må hentast på Breheimsenteret (på vegen til breen) før ein kjem fram til møtestaden for breturane ved Nigardsbrevatnet!
- Standard lunsjpakke: Smørbrød med skinke og ost, kr. 180.-
- Deluxe lunsjpakke: Smørbrød med laks, kr. 190.-
- Vegetar lunsjpakke: Smørbrød med eple og brie, kr. 190.-
For å bestille lunsj direkte hjå Breheimsenteret, bruk denne lenken
-
Breturen kl. 10:15 og 11:45 passar med rutetida til Brebussen frå Sogndal.
Informasjon om busstransport:
-
Nigardsbreen parkeringsplass
-
Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og fjellsko. Kleda må dekke heile kroppen (ingen shorts eller skjørt).
Hanskar og sko kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar og sko for barn.
-
- Barn under 18 år må være i følge med ein forelder eller føresett.
-
Ikkje tillatt på Blåisturane er hundar, droner, kortbukser, skjørt utan leggings og barn i beremeis.
-
Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt turen blir ikkje turavgifta refundert.
Våre førarar har rett til å utelukke/bortvise ein deltakar frå bestilt tur, eller overføre ein deltakar til ein enklare tur, dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen stiller og det utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet. -
Regn er vanleg i regionen vår, Vestlandet. Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder på kort tid (styrtregn) eller på grunn av vanskelege isforhold i fronten (innsteget) på Nigardsbreen.
Har du fleire spørsmål, kan du gå til FAQ-sida vår
-
Hotell og campingplassar i Jostedalen:
Jostedal Hotell ca. 5 km frå Nigardsbreen.
Jostedal Camping med moderne hytter, ca. 5 km frå Nigardsbreen.
-
For gjeldande vermelding klikk her