FAKTA INFO
Pris (1-6 personar)
Min. alder 12
kr 1,375.00
Totalpris: Privat gruppe (2-3 personar)
Min. alder 10
kr 5,625.00
Privat gruppe per pers (4+ personar)
Min. alder 10
kr 1,555.00
Utfordrande tur i blåisen med klatring på topptau!
Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på ein lengre tur med toptauklatring i blåisen.
I små grupper på maks. 6 personar, får du prøve meir krevjande blåisvandring og klatring med 2 isøksar i ein isvegg på topptau.
Bli med på ei spennande utforsking av fargar, sprekkar og istårn på Nigardsbreen.
Private turar
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen (frammøtetid mellom kl. 09:45 og 10:15 er mogleg) samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
-
Totalpris: Privat gruppe 2-3 personar – kr. 5625.-
Privat gruppe, per pers, 4+ personar – kr. 1555.-
-
- Tilpassing av utstyr: ca. 15 min, ikkje lagt inn i totaltida
- Båttransport: 15 min. x 2 + ev. litt ventetid
- Gange til og frå breen: ca. 1 time x 2
- Påkleding og kort instruksjon: ca. 15 min.
- Tid på isen: ca. 4 timar
-
Inkludert
Brevandreutstyr og båttransport.
Ikkje inkludert
Mat og drikke.
Matpakke kan kjøpast på Breheimsenteret sin kafeteria. -
Matpakke kan kjøpast på Breheimsenteret sin kafeteria.
Viktig! Lunsjpakka må hentast på Breheimsenteret (på vegen til breen) før ein kjem fram til møtestaden for breturane ved Nigardsbrevatnet!
- Standard lunsjpakke: Smørbrød med skinke og ost, kr. 160.-
- Deluxe lunsjpakke: Smørbrød med laks, kr. 200.-
- Vegetar lunsjpakke: Smørbrød med eple og brie, kr. 200.-
For å bestille lunsj direkte hjå Breheimsenteret, bruk denne lenken
-
Brebussen frå Sogndal kjem til møtestaden, kl. 10.05. Føraren på turen ventar til Brebussen er komen. Rutetabellen passar og for returreisa.
Informasjon om busstransport:
-
Nigardsbreen parkeringsplass.
-
Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og fjellsko. Kleda må dekke heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt).
Hanskar og sko kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar og sko for barn.
-
Barn under 18 år må vere i følge med ein forelder eller føesett.
-
Ikkje tillatt på Blåisturane er hundar, droner, kortbukser, skjørt utan leggings og barn i beremeis.
-
Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt turen blir ikkje turavgifta refundert.
Våre førarar har rett til å utelukke/bortvise ein deltakar frå bestilt tur, eller overføre ein deltakar til ein enklare tur, dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen stiller og det utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100%. Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet. -
Regn er vanleg i regionen vår, Vestlandet. Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder på kort tid (styrtregn) eller på grunn av vanskelege isforhold i fronten (innsteget) på Nigardsbreen.
Har du fleire spørsmål, kan du gå til FAQ-sida vår.
-
Hotell og campingplassar i Jostedalen:
Jostedal Hotell ca. 5 km frå Nigardsbreen.
Jostedal Camping med moderne hytter, ca. 5 km frå Nigardsbreen.
-
For gjeldande vermelding klikk her.