FAKTA INFO
Få eit glimt av den djupblå isverda på Nigardsbreen
Denne turen er veleigna for vaksne og born frå 8 år og som ynskjer å få eit glimt av den djupblå isverda på Nigardsbreen.
Ver merksam på at stien til breen og ruta opp på breen kan vere ganske bratt. Sjølv om denne blåisturen er kortare enn dei andre turane, er det tekniske vanskenivået det same. Du treng difor litt turerfaring frå fjellet, god balanse og å vere i nokolunde bra form.
Kva er inkludert
Brevandreutstyr og båttransporten.
Kva skal ein ta med
Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og solide fjellsko (f. eks. vandrestøvlar). Kleda må dekke heile kroppen (ingen shorts eller skjørt). Hanskar kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar for barn.
Private turar
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen (frammøtetid mellom kl. 09:45 og 13:00 er mogleg) samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
Vermelding
For gjeldande vermelding klikk her.