Nigardsbreen 21.07

Kjære gjestar! Me vil gjerne beklage all forseinking på blåisturane på Nigardsbreen i dag (laurdag 21. juli). Det varme veret har vart i fleire månader og Nigardsbreen har endra seg svært fort og mykje pga. sterk issmelting gjennom lengre tid.. For å lage ei ny og trygg rute måtte me dessverre utsetje avgangen på dei tidlege blåisturane. Takk for at de var tålmodige!
No har me ei ny og trygg rute som er bratt i starten og slik situasjonen er no vil det ikkje bli fleire forseinkingar.