Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Generelle vilkår

BESTILLING

Alle turar og kurs, bortsett frå private turar, kan bestillast direkte via heimesida vår. Dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar og direkte hjå føraren (kontant betaling, Vipps eller kredittkort).

Bestillinga er bindande. Reservering av turar og kurs utan betaling er ikkje mogleg. Difor tilrår me å kjøpe alle billettar online.

Online bestillingar:
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek ei ekstra avgift (gebyr) for bookingtenestene sine basert på ein viss prosentdel av det totale beløpet for turen (“gjesteavgift”).

Private turar:
Førespurnad/bestilling av private turar kan gjerast via e-post til: [email protected]  Spørsmål om private turar vil bli svart på så fort råd er og i tilbakemeldinga vil ein vise til ein link for betaling av den bestilte turen. Reservasjonen er ikke gyldig før me har mottat betalinga.

KANSELLERING

Dagsturar:
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar.

NB! Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.

Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av verforhold eller andre uføresette forhold/omstendigheiter. Kontakt oss på telefon for å avbestille eller forhøyre deg om avbestilling. Ved “no-show” belastast heile prisen.

Alle tidsfristar for bestilte turar og kurs gjeld og i tilfelle sjukdom/ulykker og er identiske med vilkåra for avmelding/kansellering av turar og kurs.

Me tilrår difor sterkt å teikne ei reiseforsikring!

Kurs og Josten på langs:
Kunden vil motta full tilbakebetaling/refusjon ved avmelding innan 2 veker før tur-/kursstart. Ved avmelding seinare enn 14 dagar på førehand vil kunden ikkje motta nokon tilbakebetaling eller refusjon av tur-/kursavgifta.

Ved ikkje oppmøte til tur- eller kursstart vil det bli belasta full pris.
Kunden vil motta full refusjon/tilbakebetaling dersom arrangøren (Jostedalen Breførarlag as – BFL) må avlyse/kansellere aktiviteten grunna verforhold og/eller andre uføresette forhold.

BFL reserverer seg retten til å avlyse turar og kurs grunna vanskelege snø-, is- og verforhold og/eller for få påmelde. Heile den innbetalte summen vil då bli refundert.
Ved avlyste turar og kurs vil deltakaren motta melding om avlysinga seinast 7 dagar før tur-/kursstart. 

Ev. endring/ombooking av bestilte kurs er mogleg inntil min. 14 dagar før kursstart.

Me tilrår sterkt å teikne ei reiseforsikring!

NIGARDSBREEN

På alle føringsturane er passasjerbåten på Nigardsbrevatnet inkludert i prisen. Båten går frå ca. 10. juni til slutten av september (dagleg 10:00-17:45 , Juni og Sept. 10:00-16:45). Prisen på turane blir den same også utanom seglingstidene for båten eller om båten p.g.a sikkerheitsmessige årsaker eller tekniske problem ikkje er operativ.

Aldersgrense
Minimum aldersgrense på dei guida turane våre må bli fullt og heilt respektert. Aldersgrensa for barnebillettar er maks. 12 år på Nigardsbreen.

Lunsjpakkar – Nigardsbreen
Har du også bestilt lunsj når du bestilte og betalte breturen online, så må lunsjen hentast på Breheimsenteret før turen startar.  Bestilt lunsj som ikkje blir henta, blir ikkje refundert.

Frammøte/tid
Dersom kunden ikkje møter til avtalt annonsert tid i programmet eller på rett angitt frammøteplass, har vedkommande ikkje rett på noka erstatning for innbetalt turavgift.

SIKKERHERTSVILKÅR

Jostedalen Breførarlag AS gjennomfører turane sine på ein trygg og forsvarleg måte med vel kvalifiserte og røynde førarar og med det utstyret turane krev. Likevel, fjellsport – herunder og brevandring og isklatring – inneber ein viss risiko for uhell og skader.

Deltakarane må underskrive ei ansvarserklæring når turen eller kurset tek til.
Underteikna blir på den måten gjort merksam på og aksepterer at turen/aktiviteten inneber ein viss risiko.

Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt turen eller kurset blir ikkje tur-/kursavgifta refundert.

Våre førarar har rett til å utelukke/bortvise ein deltakar frå bestilt tur, eller overføre ein deltakar til ein enklare tur, dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen stiller og det utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.

Underteikna er kjend med vilkåra for å delta på denne turen/aktiviteten, deltek på eige ansvar og fråskriv seg alle krav om erstatning retta mot Jostedalen Breførarlag AS og/eller mot føraren eller instruktøren på den aktuelle turen/aktiviteten i tilfelle uhell eller skader (person eller materielle skader).Ved tap av utlevert utstyr må deltakaren sjølv erstatte dette. Pris eks: Isøks kr. 600.-

ENDRINGAR

Så langt som mogeleg vil BFL etterstreve å gjennomføre dei spesifikke, bestilte turane og kursa i samsvar med oppsett program. Likevel, dersom det blir tvingande naudsynt reserverer BFL seg likevel retten til å gjere endringar i tur-/kursprogrammet. Slike endringar vil ikkje ha konsekvensar for den avtalte prisen.

DELTAKARENS ANSVAR

Deltakaren må sjølv vurdere om han/ho fyller dei krava som tur-/kursprogrammet stiller. Deltakaren pliktar vidare å ha med seg det utstyret som er nemnt i det tilsende programmet og å rette seg etter tilvisingar gjeve av føraren/instruktøren. Om dette ikkje skjer kan deltakaren utelukkast frå arrangementet utan at det kan krevjast kompensasjon. Å delta på turane og kursa våre skjer på eige ansvar. Det vil seie at BFL ikkje står ansvarleg for skader/uhell som måtte oppstå for deltakaren i tilknyting til arrangementa våre.

FORCE MAJEURE

Ved hendingar utanfor BFL sitt herredømme som t.d. brann, naturkatastrofe o.l. har BFL rett til å heve avtalen utan erstatningsplikt.

Kunden er sjølv ansvarleg for å ha reiseforsikring som dekkar kundens utgifter i samband med kansellering av tur grunna skade, sjukdom etc. hjå kunden og i hans næraste familie.