Brekurs - Jostedalsbreen
INFO

Brekurs på Nigardsbreen og Jostedalsbreen

Vekeskurs på 5 dagar som passar for dei som ynskjer å tileigne seg alle nødvendige føresetnader for å kunne ferdast trygt i taulag utan førar på blåis, snødekte brear og i brefall.

Etter å ha gjennomført eit brekurs i Jostedalen skal ein sjølv kunne ferdast trygt i taulag, på enklare brear og i brefall. På kurset blir ein og kjend med fleire opp- og nedgangar på Jostedalsbreen, m.a. går me opp heile brefallet på Tuftebreen alt. Fåbergstølsbreen i Jostedalen. I tillegg blir ein også godt kjend med Nigardsbreen.

På brekurset (5 dagar) lærer ein bruken av stegjarn, isøks, tau og andre sikringsmiddel på is og snø. I tillegg til dei flotte turane øver ein og på ulike metodar for redning frå bresprekk, ein får innføring i isklatring og ein lærer å gjere gode vegval på is og snø.   

camera 40  Klikk her for å sjå på bildegalleri 

Bestill no!

 FaktaINFO

calendar 4021.6-26.06, 28.06-03.07 og 12-17.07


klokke 405 dagar frå søndag kveld til fredag kveld.


TIME 40Møtetid kl. 20:00 på Bretun.


PLACE 40Nigardsbreen, Tuftebreen (ev. Fåbergstølsbreen) og Jostedalsbreen.


ATTENTION 40 iconGod form og turerfaring. Aldersgrense 16 år.


Kursprogram PDF-lenke til brekurs-program


persons 40Min. 3 og maks. 5 pers. per instruktør.


money 40Kurs:         kr. 5290.-  inkl. overnatting og utstilling.
Breutstyr:  kr.   490.- for 5 dagar.
Brebok:     kr.   250.- (utlevering ved kursstart).



PRISAR SOM PRIVATkurs

money 40   3     pers. kr. 5950.-/pers.
4-5     pers. kr. 5560.-/pers.



ICON TOP