NF-utdanning som breinstruktør

NF-kvalifiserande kurs

Jostedalen Breførarlag er godkjend arrangør av kvalifiserande kurs på nivå I og II i samsvar med Norsk Fjellsportforum (NF) sin Nasjonale Standard for kursarrangørar, instruktørar og førarar. Gjennom kompetansegjevande kurs og praksisordningar kan ein bli NF-godkjend bre-/klatreinstruktør og fjellkursleiar, det høgste kompetansenivået i NF.

 

NF-Metodekurs bre (I)

Eit 5 dagars kurs for dei som ynskjer å utdanne seg til assisterande breførar eller NF-godkjend breinstruktør.

Etter stått kurs og godkjend praksisperiode blir kandidaten godkjent som assisterande breførar. For å bli vidare godkjent som NF-breinstruktør (I) og breførar må ein ha gjennomført aspirantpraksis på eit grunnkurs bre og ha gjennomført og stått avslutningskurset; NF-Vegledarkurs bre (II).

Kurset blir arrangert i samarbeid med selskapet Breoppleving (www.bre.no)


NF-Redning-/metodeseminar bre

Seminaret er obligatorisk for instruktørar som skal kvalifisere seg til nivå II bre men skal og gje fagleg oppdatering og vedlikehald av kompetanse gjennom erfarings-utveksling med andre instruktørar og miljø.

Deltakarane skal på seminaret vise evne til vidaregåande kameratredning og elles solid eigenferdigheit på bre.

Seminaret skal og gje ei innføring i den alpine fjellredningstenesta på bre med deira utstyr og metodar.

Det blir i tillegg diskutert m.a. føraren/instruktøren si rolle ved ulukker. Rednings- og metodeseminar bre blir heldt i samarbeid med DNT-Fjellsport.

 FaktaINFO

calendar 40Metodekurs bre:       24-29.06
Redningsseminar:    Juni 2019


klokke 40Metodekurs bre:        5 dagar 
Redningsseminar:     3 dagar


TIME 40Møtetid kl. 20:00 på Bretun.


PLACE 40Metodekurs bre:    Nigardsbreen, Tuftebreen ev. Fåbergstølsbreen.
Redningsseminar: Nigardsbreen.


ATTENTION 40 iconOpptak etter skriftleg søknad. Søknadsfrist 1. mai 2018 til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.


Kursprogram og info metodekurs. PDF-lenke til brekurs-program

Kursprogram og info redningsseminar.PDF-lenke til brekurs-program

Loggbok.Link Searching 25x25

Søknadsskjema.pdf

Nasjonal standard (NF).
Link Searching 25x25

Info opptakskrav. Link Searching 25x25


persons 40Min. 3 og maks. 4 pers. per instruktør.


money 40Metodekurs:           kr. 5075.-  inkl. overnatting Bretun.
Redningsseminar:  -------------


TOP 40