Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Mest etterspurt!

Kort Blåistur

FAKTA INFO

Pris Min. alder 12
kr795.00
Totalpris: Privat gruppe (2-3 personar) Min. alder 8
kr4,430.00
Pris per pers: Privat gruppe (4+ personar) Min. alder 8
kr1,090.00

Opplev på ein korttur korleis ein bretur på blåis verkeleg er

Ein kort men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap.
Delar av ruta på sjølve isen samt delar av anmarsjen til Nigardsbreen er ganske bratt. Ruta er gjort lettare ved hjelp av faste tau på svaberga og trinn i isen.
Turen passar for alle som ynskjer ein kortare tur og oppleve kva brevandring på blåis eigentleg er.

Dette er same type blåistur som ‘Spesialtur for born’, bortsett frå at aldersgrensa er 12 år.

Kva er inkludert

Brevandreutstyr og båttransporten.

Kva skal ein ta med

Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og solide fjellsko (f. eks. vandrestøvlar). Kleda må dekke heile kroppen (ingen shorts eller skjørt). Hanskar kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar for barn.

Private turar

Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen (frammøtetid mellom kl. 09:45 og 12:30 er mogleg) samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig for den reserverte turen.

Vermelding

icon


For gjeldande vermelding
klikk her.