lang og flott blåistur
INFO

Breføring på Nigardsbreen: Lang Blåistur

På blåisturen kan du oppleve og utforske dei finaste formasjonar og fargar i den nedre delen av bretunga på NIGARDSBREEN.

Det er ikkje ein hard eller kondisjonskrevjande tur sjølv om ein går noko lenger opp i brefallet enn på den korte blåisturen. Ein har undervegs godt utsyn til dei øvre og snødekte delane av Nigardsbreen og Jostedalsbreen.

Ein flott tur mellom djupe bresprekkar og høge istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest interessante og spennande områda på denne delen av Nigardsbreen.

Inngangsbillett til utstillingane på Breheimsenteret er inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper).

 

camera 40  Klikk her for å sjå på bildegalleri 

Bestill no!

Bestill her for private turar!


 

TURINFO

calendar 4001.06 - 31.08 kl. 11:15 dagleg
01.07 - 25.08 kl. 09:45 dagleg
01.09 - 15.09 kl. 11:45 dagleg

departure 40Avgang kl. 11:45 - 10:15 - 12:15


bus icon 13007 3Kan nåast med Brebussen 


PLACE 40Nigardsbreen parkeringsplass ved servicebygget ved skilt GUIDE.


klokke 40Totalt 5 - 5,5 timar, på isen ca. 2,5 timar.

TIME 40Totaltid:
Båttransport: 15 min. x 2 ev. litt ventetid
Gange til og frå breen: 1 time. x 2
Påkleding og kort instruksjon: Ca. 15-30 min.
Bretur ca. 2,5 time


brevandring middel 40Ein lang bretur, ruta på isen er stadvis bratt og kan vere eksponert på enkelte plassar.


ATTENTION 40 icon Aldersgrense: 12 år.


utstyr 40Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, ev. hanskar, matpakke, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke. Fleire tips om utstyr


persons 40Min. 2 og maks. 16 pers. per førar.


money 40 kr. 725.- inkl. breutstyr og utstillingane på Breheimsenteret. 




 BESTILLING SOM PRIVATTURTOP 40

money 401-3    pers.  kr. 3990.- totalt.

4-16  pers.  kr.   995.- /pers.

17+   pers.  kr.   895.- /pers.


TIME 40Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-12:30 er transporten med brebåten t/r inkludert når båten er i drift, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til parkeringsplassen. Den turen tek ca. 1,5 timar.


ATTENTION 40 iconAldersgrense: 10 år.



TOP 40