Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Utfordrande med isklatring!

Spesial Blåistur

FAKTA INFO

Pris (1-6 personar) Min. alder 12
kr1,310.00
Totalpris: Privat gruppe (2-3 personar) Min. alder 10
kr5,355.00
Privat gruppe per pers (4+ personar) Min. alder 10
kr1,480.00

Utfordrande tur i blåisen med klatring på topptau!

Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på ein lengre tur med toptauklatring i blåisen.

I små grupper på maks. 6 personar, får du prøve meir krevjande blåisvandring og klatring med 2 isøksar i ein isvegg på topptau.

Bli med på ei spennande utforsking av fargar, sprekkar og istårn på Nigardsbreen.

Kva er inkludert

Brevandreutstyr og båttransporten og små grupper på maks. 6 personar.

Kva skal ein ta med

Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og solide fjellsko (f. eks. vandrestøvlar). Kleda må dekke heile kroppen (ingen shorts eller skjørt). Hanskar kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar for barn.

Private turar

Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen (frammøtetid mellom kl. 09:45 og 11:30 er mogleg) samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.

Vermelding

icon


For gjeldande vermelding
klikk her.