FAKTA INFO
Vaksen - 2027
Alder 12+
kr 765.00
Barn - 2027
Alder 8-12
kr 640.00
Privat tur 2-3 pers. - Totalpris 2027
Min. alder 8
kr 4,935.00
Privat tur 4+ pers - Pris per pers. 2027
Min. alder 8
kr 1,215.00
Få eit glimt av den djupblå isverda på Nigardsbreen
Denne turen er veleigna for vaksne og born frå 8 år og som ynskjer å få eit glimt av den djupblå isverda på Nigardsbreen.
Ver merksam på at stien til breen og ruta opp på breen kan vere ganske bratt. Sjølv om denne blåisturen er kortare enn dei andre turane, er det tekniske vanskenivået det same. Du treng difor litt turerfaring frå fjellet, god balanse og å vere i nokolunde bra form.
Private turar
Ver venleg å ta kontakt på e-post og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen samt talet på personar i gruppa. I 2027 vil den første båten leggje frå allereie kl. 09.30. Det er derfor mogleg å avtale møtetidspunkt mellom kl. 09.15 og 13.00. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
-
Totalpris: Privat gruppe 2-3 personar: kr. 4,935.-
Pris per pers: Privat gruppe 4+ personar: kr 1,215.-
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek 6% gjestegebyr for bookingtenestene sine
-
Nigardsbreen parkeringsplass, til det tidspunktet som er oppgjeve i stadfestinga.
-
- Tilpassing av utstyr: ca. 15-30 min, ikkje lagt inn i totaltida
- Båttransport: 15 min. x 2 + ev. litt ventetid
- Gange til og frå breen: ca. 1 time x 2
- Påkleding og kort instruksjon: ca. 15 min.
- Tid på isen: ca. 45 min.
-
Inkludert
Breføring, brevandreutstyr og båttransport.
Ikkje inkludert
Mat og drikke.
Matpakke kan kjøpast på Breheimsenteret sin kafeteria -
Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og fjellsko. Kleda må dekke heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt).
Du kan ved behov låne sko og arbeidshanskar gratis hjå oss, men vi har ikkje små hanskar og sko til barn.
Det er ikkje mogleg å låne klede eller solbriller, men vi sel rimelege solbriller og regnponchoar på staden.
-
Matpakke kan kjøpast på Breheimsenteret sin kafeteria.
Viktig! Lunsjpakka må hentast på Breheimsenteret (på vegen til breen) før ein kjem fram til møtestaden for breturane ved Nigardsbrevatnet!
- Standard lunsjpakke: Smørbrød med skinke og ost, kr. 185.-
- Deluxe lunsjpakke: Smørbrød med laks, kr. 205.-
- Vegetar lunsjpakke: Smørbrød med eple og brie, kr. 205.-
For å bestille lunsj direkte hjå Breheimsenteret, bruk denne lenken


-
Det er mogleg å delta på denne turen med brebussen, men då må du vente i omtrent 45 minutt på parkeringsplassen ved Nigardsbreen. Returreisa følgjer rutetida til bussen.
Informasjon om busstransport:
-
- Barn under 18 år må vere i følge med ein forelder eller føresett.
- Barn må ha minst skostorleik 33.
- Aldersgrensa (min. 8 år) kan bli sjekka i tvilstilfelle. Ver venleg å ta med legitimasjon for barna.
-
Ikkje tillatt på Blåisturane er hundar, droner, kortbukser, skjørt utan leggings og barn i beremeis.
-
Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt turen, blir ikkje turavgifta refundert.
Våre førarar har rett til å utelukke/bortvise ein deltakar frå bestilt tur, eller overføre ein deltakar til ein enklare tur, dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen stiller og det utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av verforhold eller andre uføresette forhold/omstendigheiter. Kontakt oss på telefon for å avbestille eller forhøyre deg om avbestilling. Ved “no-show” belastast heile prisen.
Alle tidsfristar for bestilte turar og kurs gjeld og i tilfelle sjukdom/ulykker og er identiske med vilkåra for avmelding/kansellering av turar og kurs.
Me tilrår difor sterkt å teikne ei reiseforsikring!
-
Regn er vanleg i regionen vår, Sogn (Vestlandet). Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder (styrtregn) på kort tid eller på grunn av vanskelege isforhold i fronten (innsteget) på Nigardsbreen.
Har du fleire spørsmål, kan du gå til FAQ-sida vår.
-
Hotell og campingplassar i Jostedalen:
Jostedal Hotell ca. 5 km frå Nigardsbreen.
Jostedal Camping med moderne hytter, ca. 5 km frå Nigardsbreen.
-
For gjeldande vermelding klikk her
