Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Om oss

 

 

Jostedalen Breførarlag vart etablert i 1987 av Steinar Bruheim, Heidi Zimmermann, Thore Stensberg og  Arve Tvedt.

Breførarlaget tilbyr føring og kurs på bre og alpine klatrefjell, hovudsakleg på Jostedalsbreen, og då mest på Nigardsbreen, samt i Jotunheimen.

Dei siste åra har det delteke om lag 12 000 personar kvart år på dei ulike turane og kursa me tilbyr. I hovudsesongen juli og august er om lag 25 tilsette i full jobb på føringsturar og fjellsportkurs.

 

NORTIND og det Internasjonale Fjellførarforbundet (IFMGA/UIAGM)

Innehavarar av Jostedalen Breførarlag er internasjonalt godkjende fjellførarar/tindevegleiarar og er medlemar av NORTIND, den norske fjellførarorganisasjonen som er medlem av det Internasjonale Fjellførarforbundet. Det er ein garanti for kvalitet og tryggleik pga. høge krav til utdanning og kompetanse innan fjellsport.
Utdanninga er fleirårig og føregår i Noreg gjennom Norske Tindevegledere (NORTIND).

Jostedalen Breførarlag har fleire internasjonalt godkjende fjellførarar/tindevegleiarar  (IFMGA) frå Nepal. Tshering Pande Bhote, Mingma Tsiri Sherpa, Jyamchang Bhote Salakha, Chhiring Sonam Lama, Tsering Pemba Sherpa, Furtemba Sherpa, Densa Bhote, Jamling Bhote, Pimba Tenjing Lama og Pasang Kidar Sherpa.

Alle dei nepalske førarane våre har nådd toppen av Everest fleire gonger. Mingma Tsiri Sherpa har desidert flest med heile 20 gonger.

Vår og haust i Himalaya organiserer og tilbyr dei nepalske førarne trekkingturar (m.a. til Everest Base Camp, Island Peak, Lobuche Peak m. fl.) og ekspedisjonar til m.a. Ama Dablam og Mount Everest og andre 8000 meter toppar som Manaslu, Kangchenjunga og Cho Oyo. Ta kontakt for meir informasjon.

 

Norsk Fjellsportfourum

FJELLSPORTFORUM (NF) utdannar og godkjenner breinstruktørar. NF er eit viktig, nasjonalt samarbeidsforum med føremål å heve kvalitet og tryggleik på turar og kurs ved å styrke kompetansen til førarar, instruktørar og kursarrangørar. Jostedalen Breførarlag har godkjenning som kursarrangør på det høgste nivået (II) i NF.

Jostedalen Breførarlag bruker NF-godkjende og internasjonalt godkjende bre- og fjellførarar (IFMGA/UIAGM) og instruktørar med stor lokalkjennskap og lang og allsidig røynsle frå friluftsliv til alle årstider