Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Via den historiske Pionerruta

Falketind (2067 moh)

FAKTA INFO

Gruppe 1 pers. Alder: 12+
kr6,600.00
Pris per pers: Gruppe 2 personar Alder: 12+
kr3,890.00
Pris per pers: Gruppe 3 personar Alder: 12+
kr3,500.00

Fin og utfordrande fjelltur i alpint terreng

Falketind via Pionerruta vart klatra for fyrste gong i 1820. Det var det fyrste fjellet av «alpin karakter» som vart klatra i Noreg.

Pionerruta går frå Koldedalen opp til Snøggeken/Falkebreen. Over denne og vidare lett klatring grad 2-2+ i tau opp fjellsida til ryggen mellom Falketind (2067) og Stølsnostind (2074). Deretter kort og lett opp fjellryggen til toppen av Falketind. Retur via same ruta.

Tilleggsinformasjon

Klatreteknisk er ruta enkel, med vedvarande klyveklatring opp til grad 2–2+. Sikring med tau er naudsynt.

Maks. 3 deltakarar per førar.

Bestilling

Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.

Kva skal ein ta med

Fjellsko/fjellstøvlar, varme og vind-/vasstette klede, lue og vottar samt mat og drikke, inkl. termos, for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.