Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Uranostind (2157 moh) via søregga

FAKTA INFO

Pris for 1 person Min. alder: 15+
kr7,430.00
Pris per person for 2 personar Min. alder: 15+
kr4,880.00
Pris per person for 3+ personar Min. alder: 15+
kr4,880.00

Flott klatretur på ein lang og luftig fjellrygg

Med bil inn til bommen i Koldedalen. På god merka sti til sørtoppane på Uranostind S1 (2037) og S2 (2048). Me følgjer ryggen og eggen til topps. Lett fjellklatring (grad 2-3+) i til tider utsett og luftig terreng.

Enkel retur langs nordryggen (normalvegen) og vidare ned Uranosbreen og attende til utg. pkt. i Koldedalen.

Bestilling

Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen

Utstyr

Sekk, fjellsko/fjellstøvlar, varme! og vindtette klede, lue og vottar samt mat og drikke (termos) for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.