Skip to primary navigation Skip to content Skip to footer

Om oss

 

 

Jostedalen Breførarlag vart etablert i 1987 av Steinar Bruheim, Heidi Zimmermann, Thore Stensberg og  Arve Tvedt.

Breførarlaget tilbyr føring og instruksjon på bre og alpine klatrefjell, hovudsakleg på Jostedalsbreen, og då mest på Nigardsbreen, samt i Jotunheimen.

Dei siste åra har det delteke omlag 12 000 personar kvart år på dei ulike turane og kursa me tilbyr. I hovudsesongen juli og august er omlag 30 tilsette i full jobb med ulike føringsturar og fjellsportkurs.

 

Det internasjonale Fjellforarforbundet UIAGM

Alle innehavarane av Jostedalen Breførarlag, er internasjonalt godkjende fjellførarar/tindevegleiarar og medlemar av det Internasjonale Fjellførarforbundet ein garanti for kvalitet og tryggleik pga. høge krav til utdanning og kompetanse innan fjellsport.
Utdanninga er fleirårig og føregår i Noreg gjennom Norske Tindevegledere (NORTIND).

Me har tilsett fleire internasjonalt godkjende fjellførarar/tindevegleiarar  (IFMGA) frå Nepal. Tshering Pande Bhote, Mingma Tsiri Sherpa, Yamchang Bhote Salakha, Chhiring Sonam Lama, Tsering Pemba Sherpa, Furtemba Sherpa, Densa Bhote, Jamling Bhote, Pimba Tenjing Lama.

Alle dei nepalske førarane våre har nådd toppen av Everest fleire gonger, Mingma Tsiri Sherpa har desidert flest med heile 20 gonger.

Vår og haust i Himalaya organiserer og tilbyr dei trekkingturar (m.a. til Everest Base Camp, Island Peak, Lobuche Peak m. fl.) og ekspedisjonar til m.a. Ama Dablam samt Mount Everest og andre 8000 meter toppar som Manaslu og Cho Oyo. Ta kontakt for meir informasjon.

 

Norsk Fjellsportfourum

FJELLSPORTFORUM (NF) utdannar og godkjenner breinstruktørar. NF er eit viktig, nasjonalt samarbeidsforum med føremål å heve kvalitet og tryggleik på turar og kurs ved å styrke kompetansen til førarar, instruktørar og kursarrangørar. Jostedalen Breførarlag har godkjenning som kursarrangør på det høgste nivået (II) i NF.

Jostedalen Breførarlag bruker NF-godkjende og internasjonalt godkjende bre- og fjellførarar (IFMGA/UIAGM) og instruktørar med stor lokalkjennskap og lang og allsidig røynsle frå friluftsliv til alle årstider