FAKTA INFO
Gruppe 1 person
Alder: 15+
kr 7,710.00
Gruppe 2 personar, per person
Alder: 15+
kr 5,125.00
Flott og eksponert klyve/klatretur
Denne rundturen over alle toppane i Austanbotntindmassivet tek utgangspunkt i Berdalsbandet (1315 moh) på fjellvegen (Tindevegen) mellom Turtagrø og Årdal. Turen startar på sørryggen og går over ein pinnakkel (rapell ned på nordsida) og vidare til Søre Austabotntind. Tau og sikringsmidler er nødvendig på denne traversen, som er gradert til 3-4 (grad 4 opp mot sjølve toppryggen på Store Austanbotntind).
Ein får med seg 1 hovudtopp og 5 sekundærtoppar over 2000 meter på dennne turen.
Bestilling
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.