FAKTA INFO
Opplev den flotte utsikta på to fjelltoppar over 2000 moh.
Fotturen startar i enden av Koldedalen og kryssar opp Falkbreen till innsteget. Deretter opp Pionerruta (grad 2-2+) til fjellryggen mellom Falketind og Stølsnostind. Ein går opp på Falketind fyrst. Deretter går/klyv ein langsmed ryggen retning Stølsnostind og vidare over 2001-toppen. Ein sikrar over eit svaparti mot sjølve skaret før ein klyv opp på hovudtoppen på Stølsnostind.
Returen går ned i nord over Stølsnosbreen og vidare søraustover mot Falkbreen og tilbake til utg.pkt. i Koldedalen.
Ein flott alpin rundtur i eit imponerande fjellområde.
Tilleggsinformasjon
Ein treng god kondisjon og turerfaring frå høgfjellet.
Bestilling
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen
Kva skal ein ta med
Varme klede, fjellsko, hanskar, lue, regn-/vindklede og ei stor lunsjpakke, inkl. termos.