Jostedalen Breførarlag
Jostedalen Breførarlag vart etablert i 1987 av Steinar Bruheim, Heidi Zimmermann, Thore Stensberg og Arve Tvedt.
Breførarlaget tilbyr føring og instruksjon på bre og alpine klatrefjell, hovudsakleg på Jostedalsbreen, og då mest på Nigardsbreen, samt i Jotunheimen.
Dei siste åra har det delteke omlag 12 000 personar kvart år på dei ulike turane og kursa me tilbyr. I hovudsesongen juli og august er omlag 25 tilsette i full jobb med ulike føringsturar og fjellsportkurs.
Me har tilsett fleire internasjonalt godkjende fjellførarar/tindevegleiarar (IFMGA) frå Nepal. Tshering Pande Bhote, Jyamchang Bhote Salakha, Mingma Tsiri Sherpa, Pasang Tenzing Sherpa, Chhiring Sonam Lama, Tsering Pemba Sherpa, Furtemba Sherpa, Densa Bhote, Jamling Bhote, Pimba Tenjing Lama.
Vår og haust i Himalaya organiserer og tilbyr dei trekkingturar (m.a. til Everest Base Camp, Island Peak, Lobuche Peak m. fl.) og ekspedisjonar til m.a. Ama Dablam samt Mount Everest og andre 8000 meter toppar som Manaslu og Cho Oyo. Alle dei nepalske førarane våre har nådd toppen av Everest fleire gonger, Mingma Tsiri Sherpa har desidert flest med heile 20 gonger.
Innehavarane av Jostedalen Breførarlag, Steinar Bruheim, Arve Tvedt, Thore Stensberg og Heidi Zimmermann, er også alle internasjonalt godkjende fjellførarar/tindevegleiarar og medlemar av det Internasjonale Fjellførarforbundet, ein garanti for kvalitet og tryggleik pga. høge krav til utdanning og kompetanse innan fjellsport. Utdanninga er fleirårig og føregår i Noreg gjennom Norske Tindevegledere (NORTIND).
Breførarlaget er godkjend som kursarrangør i NORSK FJELLSPORTFORUM (NF) og utdannar og godkjenner breinstruktørar. NF er eit viktig, nasjonalt samarbeidsforum med føremål å heve kvalitet og tryggleik på turar og kurs ved å styrke kompetansen til førarar, instruktørar og kursarrangørar. Jostedalen Breførarlag har godkjenning som kursarrangør på det høgste nivået (II) i NF.